En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Treplanting og meditasjon på AsiakonferanseLiv Anna Furnes, Arild Fehn og Knut I. Foseide i sjøen for å plante mangrovetre.

Treplanting og meditasjon på Asiakonferanse

2015-03-26
Den siste veka har vi vore så heldige og hatt besøk av kollegaene våre i Asia og Norge. Store og små kom flygande inn frå Kina, Filippinene, Vietnam og Norge, og var med på både treplanting og bibelmeditasjon.

Kvart år arrangerer Misjonsalliansen regionskonferanse for utsendingane, og dette året var det i Kambodsja. I løpet av konferansen er det tid for prosjektbesøk, undervisning og felles læring med presentasjonar frå dei ulike landa. 

Den første dagen hadde vi middag saman på kvelden og introduserte deltakarane for kambodsjansk mat.  Mandag morgon var det tid for fellesskap med vår kambodsjanske stab på kontoret, og det satte både staben og utsendingane pris på. Sar Paulerk, Program Manager for kyrkjearbeidet til Misjonsalliansen, delte frå kyrkja si historie i Kambodsja og litt frå hans eigen erfaring som kristen under Raude Khmer-regimet.  Treplanting og meditasjon på AsiakonferanseNils Terje Andersen på prosjektbesøk i Kampot.

Retreat
Konferansen er også ein stad for avslapping og oppladning av batteri. Vi satte derfor av god tid til retreat ved elva i naturskjønne Kampot. Vi hadde nokre fine dagar saman på retreatstaden der vi lærte om bibellesning, bønn og meditasjon av Nils Terje Andersen. Vi vart mellom anna minna på korleis vi kan be utan ord.  Elin T. Andersen tok seg av søndagsskule og program for barna, i tillegg til at ho underviste dei vaksne om samspelet mellom foreldre og barn. 

Planta mangrovetre
Vi fekk også med oss ein felttur med Misjonsalliansens nye partnar Children and Women Development Committee Cambodia (CWDCC) som driv eit prosjekt med økoturisme. Treplanting og meditasjon på AsiakonferanseLeng frå CWDCC viser frøet til denne typen mangrovetre. Ei stor gruppe engasjerte fiskarar frå tre landsbyar har gått saman om å beskytte mangroveskogen i elva der fisken gyter. Dei har lukkast i å beskytte skogen mot nedkutting og plantar i tillegg nye mangrovetre. Konferansedeltakarane fekk også muligheit til å plante sitt eige baby- mangrovetre. 

- Det er ei positiv og livsbejaende gruppe av utsendingar.  Ikkje minst skapte Elin og Nils Terje fra Norge god stemning og djupare innsikt blant utsendingane, seier konferansearrangør Knut I. Foseide.

 

 

Powered by Cornerstone