En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Jobb mot samme mål - utan frykt

Jobb mot samme mål - utan frykt

Kurs i leiarskap og organisasjonsutvikling i Kambodsja
2015-04-30
Misjonsalliansen i Kambodsja var i april så heldig å ha besøk av Jørn Lemvik, generalsekretær i Digni. Han hadde kurs med staben og møtte ein gjeng unge, kristne, kambodsjanske leiarar.

Vi har ikkje ofte besøk av donoren vår Digni i Kambodsja. Det var derfor ekstra kjekt at vi kunne få besøk av Jørn Lemvik no. Temaet organisasjonsutvikling og leiarskap er noko som opptar oss alle i den kvardagen vi forheld oss til i den kulturelle konteksten vi er i. Viktige grunnleggjande spørsmål han stiller er: Kvifor har vi ein organisasjon i det heile? Kvifor vart Misjonsalliansen grunnlagt? Kva slags grunnreglar har vi internt i organisasjonen? Kva har leiarskapet å seie for organisasjonskulturen? 

Ein organisasjon startar med eit felles formål, og då må vi arbeide saman for å nå det målet. Første steg er å snakke saman om korleis vi samarbeider og kva vi bør endre på for å få den organisasjonskulturen vi ønsker, råder Lemvik. Noko som motarbeider dette, er om medarbeidarane i ein organisasjon er redde for å seie meininga si. Dette har Digni også skrive om i denne artikkelen: Et svimlende ressurstapJobb mot samme mål - utan fryktJørn Lemvik med staben i Misjonsalliansen og World Renew.

Fryktbasert leiarskap

Gjennom å stille betimelige spørsmål klarte Lemvik å få fram kva som karakteriserer ein leiar i kambodsjansk kultur, og kva eigenskapar staben ønskjer å sjå hos ein leiar. Svara samsvarte ikkje med kvarandre. Det er tydelege at vi har andre forventningar om ein leiar enn det som er norma blant dei ofte eldre mennene som er leiarar i Kambodsja. Kva karakteriserer ein leiar i Kambodsja? spurte Lemvik ei gruppe unge, kambodsjanske kristne leiarar: mektig, respektert, feilfri, tar beslutningar, seier aldri unnskyld, har ingen til å korrigere seg,  var nokre av svara.  Det er fleire farlige kombinasjonar, og ikkje akkurat det vi kan kalle eit kristent leiarideal.  Vidare fører det til eit fryktbasert leiarsystem der mange andre positive kvalitetar i ein organisasjon forsvinn, mellom anna kreativitet, tillit, trivsel og godt arbeidsmiljø.

Kristent leiarskap

Det kan vere einsamt å vere leiar, så ein bør finne ein mentor, råda Lemvik. Vi kan også sjå i Bibelen etter rettleiing. I Fader Vår ber vi om Guds vilje skal råde, ikkje vår eiga. Samtidig ber vi om forlating for syndene våre, som vi og forlet andre. Om vi syndar mot staben, seier vi unnskyld då? Dei unge kambodsjanske leiarane svarer kontant at dei ikkje har erfart at leiarane deira har innrømt feil og sagt unnskyld. Då er det heller vanleg å legge skulda på ein annan, for å innrømme feil gjer deg til ein svak leiar. I Matteus kapittel 20, vers 25-26 står det at : " De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei med hard hand. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vere tenaren dykkar."  

Misjonsalliansen held fram arbeidet med organisasjonsutvikling i Kambodsja og neste veke begynner ein ny leiar av det nye landkontoret vårt. Ein ny periode med ny stab, nye partnarar og utviding av arbeidet startar. Du kan vere med å støtte arbeidet i Kambodsja med forbønn og støtte prosjekta vi driv.

Powered by Cornerstone