En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Sambath ny Misjonsallianseleiar i Kambodsja

Sambath ny Misjonsallianseleiar i Kambodsja

2015-05-14
I mai har vi fått på plass Sim Sambath som ny leiar for Misjonsalliansens nyoppretta landkontor i Kambodsja. Det er vi veldig glade for, for han er ein særs triveleg kar å arbeide saman med.

Sambath kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i den britiske bistandsorganisasjonen CORD i Kambodsja. Han har tidlegare jobba for Misjonsalliansens største samarbeidspartnar World Renew, så han har lang erfaring med utviklingsarbeid. Sambath ny Misjonsallianseleiar i KambodsjaFørste felttur med Sambath i slumområde i Phnom Penh.

- Eg ser fram til å arbeide nærmare grassrota og vere med partnarane å møte folk på landsbygda, seier Sambath, som allereie har vore på fleire prosjektbesøk dei første to vekene hos Misjonsalliansen. Den innstillinga passar godt til Misjonsalliansens kjerneverdi om å vere nær målgruppa. Sambath fekk innføring i Misjonalliansens diakonale grunnlag og strategi på første arbeidsdag, og likte godt dei tre kjerneverdiane nær, dyktig og modig.

Samarbeid med lokale partnarar

I sin tidlegare jobb var Sambath ansvarleg for å kompetansebygging og utvikling av lokale partnarorganisasjonar -Det er viktig at vi samarbeider godt med partnarane og hjelper dei å arbeide meir effektivt med lokalsamfunna, seier Sambath. -Vi bør ikkje kontrollere partnarane, men støtte dei i arbeidet med lokalsamfunnsutvikling og bidra til at arbeidet kan bli bedre. Sambath ny Misjonsallianseleiar i KambodsjaKim Savy og Sim Sambath er dei to lokalt ansatte på landkontoret i Kambodsja.

Oppvekst i flyktningeleir

Sambath er opprinneleg frå provinsen Kampot, men under Raude Khmer regimet vart han omplassert til Battambang. Barne-og ungdomstida tilbrakte han i flyktningeleiren Site 2 ved grensa mot Thailand. Han budde der i 13 år og tok høgare utdanning der, før han returnerte til Kampot. 

-Sidan eg vokste opp i ein flyktningeleir, fekk eg ein mangelfull sosial og økonomisk forståelse. I flyktningeleiren var vi alle like fattige, der var det ingen rike, fortel Sambath. -Når eg studerte økonomi måtte eg forestille meg kva ei forretning var, for det var berre små butikkar og ingen store selskap i flyktningeleiren, seier Sambath. Han endra seinare bachelourstudium til jordbruk og dyrehelse, og har tatt mastergrad i utvikling- og prosjektleiing.

-Når eg kom tilbake til Kambodsja kunne eg arbeide for FN med gjennomføring av valget, fordi eg kunne engelsk. Det var ikkje mange som kunne det på den tida, forklare han. Sidan har han arbeidd i utviklingsorganisasjonar, og vi er glade for at han no har tatt fatt på jobben som for å leie arbeidet for Misjonsalliansen i Kambodsja.

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Cornerstone