En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Stolt over samarbeidet

Stolt over samarbeidet

Bente Iversen Foseide
2015-06-05
- Den største endringa etter at Misjonsalliansen kom for fem år sidan, er at vi har mykje meir samarbeid og solidaritet i landsbyen no enn tidlegare, fortel landsbyleiinga i Veal Tbal landsby. Eg er på min siste prosjekttur.

Eg møter heile utviklingskomiteen i landsbyen på min siste prosjekttur som utsending for Misjonsalliansen. Kvinnene og barna på den eine sida, dotter mi blant dei, og mennene på den andre sida. Mange av mennene er rimelig gamle; ein har ikkje tenner, og det er ikkje noko gebiss her i gården. Han følger med og har notatboka framme med oversikt over kva Misjonsalliansen har gjort i landsbyen.

Det er vemodig å avslutte arbeidet, men samtidig er eg også stolt. Eg er stolt over det eg har vore ein del av, og stolt over framgangen i utviklingsprosjektet Misjonsalliansen driv i samarbeid med lokale organisasjonar. Og eg er ikkje aleine om å vere stolt. Utviklingskomiteen i Veal Tbal trekk også fram kor stolte dei er over framgangen dei siste fem åra. - Før var det så skittent rundt oss og ingen brydde seg om kvar dei kasta søppel eller gjekk på do, fortel ein eldre herre. -No er det reint og ryddig mellom husa våre, og vi har bedre hygiene. Ungane har til og med latrine på skulen og vi får reint vatn gjennom vannpumpa vi deler på. Utdanning er meir verdsatt enn tidlegare, og fleire ungar går på skule. Alle nikkar, den beskrivelsen er dei enige i.

Når eg spør kva dei er mest stolte over av utviklinga som har skjedd i landsbyen dei siste fem åra, er svaret at no har dei mykje meir "samaky" enn tidlegare. Samaky er khmer og betyr samarbeid eller solidaritet. Prosjektet med lokalsamfunnsutvikling har ført til at naboar snakkar meir saman og prøver løse felles problem i fellesskap.

Veal Tbal landsby takkar til slutt for all støtte til kurs og opplæring dei har fått frå Misjonsalliansen. Det varer enda lengre enn dei materielle tinga. -Ikkje gløym oss når du flyttar tilbake til landet ditt ! er oppfordringa til slutt. Eg forsikrar dei om at Misjonsalliansen held fram med arbeidet, sjølv om eg drar tilbake til Norge.

Om du ønsker å støtte det viktige arbeidet  Du kan også gjere det samme om du klikker her :)

 

 

Arbeidsområde
Land
Powered by Cornerstone