En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Kambodsja

Kambodsja

For tusen år sidan var Kambodsja hovudsetet i den største sivilisasjonen i Søraust Asia. På 1970-talet vart ein tredjedel av befolkninga drepne i eit brutalt massemord under Pol Pot. Den konfliktfylte fortida har skapt mykje fattigdom og satt landet sterkt tilbake, men i dagens Kambodsja går utviklinga raskt framover.

Tidlegare var Kambodsja eller ”Khmerlandet” ein del av det store Khmer kongedømet som strekte seg over heile Indokina frå Kambodsja til Vietnam, Thailand og Laos. Hovudstaden var mektige Angkor som var ein millionby for tusen år sidan. I dag står det storslåtte tempelområdet Angkor Wat som eit symbol på då riket var på sitt største.

Invasjonar og statskupp
Etter periodar med krigar og invasjonar av naborika, vart Khmerriket til slutt invadert og plyndra av det siamesiske kongedømet Ayutthaya. Angkor vart forlatt i 1432 på grunn av svikt i avlingane og øydelagt infrastruktur. Dei neste århundra låg Kambodsja vekselvis under nabolanda, til det i 1863 vart eit fransk protektorat. Franskmennene regjerte med det kambodsjanske monarkiet ved si side fram til Kambodsja fekk sjølvstende i 1953. Vietnamkrigen som herja i nabolandet og det amerikansk støtta statskuppet i 1970 utløste borgarkrig i Kambodsja og danna vegen til makta for Røde Khmer.

Krig skaper ekstrem fattigdom
Det valdelege revolusjonære og ekstreme kommunistiske diktaturet som følgde vart leia av Pol Pot og kosta millionar av menneskeliv. Frå 1975 til 1979 tok Røde Khmer livet av om lag 2 millionar menneske. Dei drepte sine eigne. Familie, venner og naboar vart brutalt myrda.  Ein tredjedel av befolkninga døydde og hundretusenvis flykta. Røde Khmer ofra alt for å skape eit utopisk kommunistisk sjølvforsynt samfunn med eit jordbruk etter modell frå 1100-talet. Pengeøkonomien vart avskaffa, religion vart forbode, fabrikkar, marknader og skular vart stengte. All industri og produksjon vart nasjonalisert og landbruket vart kollektivisert. Intellektuelle, ingeniørar, legar, studentar vart brutalt myrda som potensielle truslar for regimet.

Vietnamesiske troppar stoppa folkemordet til Røde Khmer då dei invaderte landet på slutten av 1978. Men Røde Khmer forsvann ikkje og kontrollerte enkelte område av landet med utanlandsk støtte. Noko fredsavtale var ikkje på plass før så seint som i 1991 og tiår med ufred gjorde gjenoppbygging av infrastrukturen i landet etter krigens herjingar umulig. 2000-talet har vore politisk stabilt og fredelig for Kambodsja, men korrupsjon og valjuks er kvardagslig.

Færre fattige, men store forskjellar

Landet har framleis store ettervirkningar frå krigen. Økonomien  har vakse raskt dei siste åra. Tekstileksporten aukar, turismen veks og utanlandske investorar får større og større interesse i Kambodsja. Veksten i risproduksjonen er høg og landet er endeleg komme forbi nivået risproduksjonen var på i 1960.

Den nasjonale fattigdomsgrensa har vorte dobla sidan byrjinga av 1990-talet og stadig færre lever i ekstrem fattigdom. I følgje den siste rapporten frå FNs utviklingsprogram, UNDP, lever 19,8 % av menneska i Kambodsja under den absolutte fattigdomsgrensa på 1,25 dollar dagen. Sidan 1990-talet har millionar av menneske komme seg ut av ekstrem fattigdom. Det gir håp om framgang og utvikling for dei neste tiåra. Men den raske veksten har også si bakside. Skilnadene mellom overklassen og dei aller fattigaste er stor. Den fattigaste delen av befolkninga får ikkje vere med på landet si økonomiske vekst. Framleis er alt for mange i Kambodsja lenka til fattigdom. Provinsane i nord heng etter. Det er også høgare analfabetisme og færre skular i dei fattigaste provinsane.  Det vert forklart med at det er færre lærarar som bur der. Dette kan igjen grunnast i forfølginga av dei med utdanning under Pol Pot og frykten for å verte arrestert om ein var intellektuell.

Powered by Cornerstone