En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Lærer av kvarandre

Lærer av kvarandre

2013-09-27
Det er framleis mange vaksne på landsbygda i Kambodsja som ikkje kan lese og skrive skikkelig. Nyleg var leiarane av Misjonsalliansens samarbeidsorganisasjonar på studietur saman for å lære om lese- og skriveopplæring for vaksne.

 Misjonsalliansen samarbeider i år med fire lokale kambodsjanske organisasjonar. Partnarane arbeider alle med integrert landsbyutvikling, men på litt ulik måte. Derfor er det svært nyttig å lære av kvarandre når ein har utvikla modellar som fungerer. 

Temaet for studieturen var å lære om lese-og skriveopplæring for vaksne i landsbyen. Organisasjonen KADRA var vertskap, og direktør Mr Sovanna var stolt over å kunne vise fram den velfungerande lese-og skrivegruppa i landsbyen Kandom Pie.

Gruppa møtest regelmessig og har lukkast i å auke alfabetiseringsnivået på deltakarane i gruppa. Læraren kjem frå gruppa sjølv, og dei rullerer på kven som underviser frå gong til gong. Kvar samling begynner med repetisjon, og alle skriv og følger med på sine eigne tavler og i sitt eige læremateriell.

Pastor Metta er direktør for organisasjonen CFT som arbeider i provinsen Kampong Speu. Metta synest det er spennende å sjå korleis andre organiserer gruppene: -No har eg lært korleis det skal gjerast. Denne modellen vil eg ta med meg til organisasjonen min for å betre læringa i alfabetiseringsgruppene i Kampong Speu, seier han. 

Relaterte lenker
Arbeidsområde
Land
Folk
Powered by Cornerstone