En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Forfedrefestival

Forfedrefestival

2013-10-03
Det er Pchum Ben festival i Kambodsja denne helga, og det er stille i gatene i Phnom Penh. Det er godt at det er rolig etter månader med demonstrasjonar og uro. Inne i templa er det høgtid og unge og gamle hedrer forfedra sine.

Den buddhistiske festivalen handlar om å hedre dei tidlegare generasjonane ved å ofre mat til munkane og gjere ei god gjerning. Buddhistane ønsker å få god karma og tilfredstille dei døde ved å ofre mat og pengar til munkane. Munkane fungerer som eit medium for forfedrene.

Helst skal ein rekke over å besøke sju tempel i løpet av den 15-dagar lange festivalen. I år vert festivalen feira med helligdagar frå 3. til 6. oktober. Forfedrefestivalen er også ein måte å minnast dei som har gått bort i familien det siste året.

ForfedrefestivalBarn tenner røkelse og får velsigning av munkane

Eg var inne på Wat Langka midt i Phnom Penh og følgde seremonien saman med Misjonsalliansens nyankomne voluntør Laila Synnøve Berg. Laila er fotojournalist og skal vere frivillig for Misjonsalliansen i Kambodsja i to månader. Du vil kunne lese meir om henne og arbeidet seinare. Under er nokre av hennar første bilde frå oppholdet i Kambodsja.

 

#26281
Powered by Cornerstone