En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Flommen tar liv Prey Veng: Både folk og dyr søker ly på dei få tørre plassane som er igjen.

Flommen tar liv

2011-10-10
I helga auka dødstalet for den to veker lange flommen i Kambodsja. 206 menneske er omkomne og lokalavisene rapporterer at 1 million menneske er ramma av oversvømmelsen av elvene Tonle Sap og Mekong. Misjonsalliansen startar denne veka med nødhjelp til dei fattigaste familiane.

 

100 000 hektar rismark er fullstendig ødelagt og 300 000 hektar til står i fare for å gå tapt. Med det er matgrunnlaget og inntektskjelda til hundretusenar av bønder borte. Ødeleggelsane er enorme, og konsekvensane for dei fattige er store: om lag 200 000 hus er oversvømt, over 1000 skular og fleire hundre tempel.

Måtte vente på hjelp

Hundretusen familiar har evakuert heimane sine og manglar tak over hovudet, har ikkje reint vatn og har elendige sanitærforhold. Klesvask, dusj og oppvask skjer i samme vatnet som vert brukt som toalett. Det er også ein fare for at Denguefeber vil spre seg.Flommen tar liv Hus oversvømt: Ikkje eitt rom er tørt. Hjelpa har latt vente på seg, både frå styresmaktene og internasjonale hjelpeorganisasjonar. Så langt har 60 000 familiar fått hjelp frå Røde Kors og kambodsjanske styresmakter. Men regjeringa i Kambodsja har framleis ikkje søkt om internasjonal hjelp.

Sårbare for klimaendringar

I fjor var det  alvorlig tørke på samme tidspunkt. Meir og meir uforutsigbart ver gjer det svært vanskeleg for mange familiar i Kambodsja å planlegge inntekter og skape eit bedre liv utan fattigdom.  Majoriteten av dei fattige er bønder som bur på landsbygda. Dei lever nært på naturen og er avhengige av den. Det gjer dei også meir sårbare for verforandringar.Flommen tar liv Flomvatnet legg latriner, brønner og rismarker under vatn.

Kriseberedskap

I haust organiserer alle Misjonsalliansen sine lokalpartnarar kurs i korleis handtere kriser i nærområdet. Dette vil hjelpe samarbeidspartnarane våre og vere førebudd på kriser som flom og tørke, og vite korleis dei kan handtere dette på ein effektiv måte. Flommen i år var vanskeleg å forutsjå fordi vatnet steig så sakte og vart verande så lenge. Misjonsalliansen sin lokalpartnar Love Cambodia vil starte distribuering av ris til dei fattigaste familiane som er hardast ramma av flommen i Prey Veng provinsen.

Powered by Cornerstone