En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Kua mi eg takkar deg

Kua mi eg takkar deg

2011-01-13
-Eg hadde aldri trudd eg skulle eige mi eiga ku. Dette er første gong i livet eg eig ei ku, seier Mrs Nuon Hon (57) stolt. Ho er med i ei sparegruppe og har fått lån til å kjøpe ei ku. No skal kua snart kalve og eigaren gler seg.

Mrs Nuon Hon har lånt kua frå kubanken til Misjonsalliansen sine lokale partnar. Kubanken består av bønder med kunnskap og evner til å ta vare på kyr og bruke dei i jordbruket. Kua bidreg til at bøndene kan pløye meir jord og få større risavlingar. Dei kan lage kompost av kumøkka og bruke det som gjødsel til å lage grønsakshage. Gjennom kubanken lærer bøndene om grunnleggjande veterinærhelse og husdyrhald.

Kua mi eg takkar degMrs Nuon er stolt over å eige si eiga ku.

Fleire kubankar er organisert gjennom ei sparegruppe. Det er ei gruppe som går saman og sparer ein fast sum månadleg. Etter ei stund får den eine ta ut lån til å kjøpe ei ku. Når kua får fire kalvar blir to gitt tilbake til gruppa eller selt, slik at lånet på den første kua kan betalast tilbake med renter. Så får nokre andre kalvane og enda fleire får hjelp.

Ei ku gir aukte inntekter til bonden og gir ringvirkningar til familien. Ungane slepp å arbeide like mykje og familien får råd til å sende dei på skule. Kubanken er ikkje som andre bankar. Vi takkar alle som er med og støttar arbeidet med kubankar i Kambodsja!

Kua mi eg takkar degMrs Nuon og barnebarna framfor huset.

Vil du vere med å støtte kubanken? Klikk her!

 
Arbeidsområde
Powered by Cornerstone