En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Jentene inntar skulen!

Jentene inntar skulen!

2011-02-02
I Kambodsja har jentene lenge vore i mindretal på barne- og ungdomsskulen. Færre jenter har begynt på skulen og fleire jenter enn gutar droppa ut. Mange vert rekruttert inn i tekstilindustrien eller gifta bort i alt for ung alder. No er forholda i ferd med å endre seg og jentene inntar skulane.

Når vi besøker Toul Teat barneskule i provinsen Svay Rieng, får vi observere ein time og sjekker ut mattekunnskapane til ein tredjeklasse. Det viser seg fort at det er våre eigne kunnskapar som blir satt på prøve. Multiplikasjon med tre siffer og kambodsjansk rekneoppsett utan å skrive tal i minne undervegs, vart litt komplisert.

Dyktige jenter, modige gutar

Jentene inntar skulen! Når læraren spør om klassen klarer reknestykket, rekker tre gutar opp handa og går fram til tavla. Etter å ha rekna kvar for seg, får dei tre ulike svar. Læraren kjem til assistanse. På pultane rundt oss sitt elevane med kvar si vesle tavle og kritt. Jenta framfor meg innrømmer at det er vanskelig. Eg reknar meg fram til svaret sjølv, og ser at ho og jenta ved sida av har heilt riktige svar. Dei skulle gått opp på tavla, tenker eg for meg sjølv.

Jentene inntar skulen!Ved tavla: Læraren kjem for å hjelpe.

Fleire veljer skulen

95% av ungane i Kambodsja har i dag tilgang til barneskule, i følge FNs utviklingsprogram. Dessverre er det berre 84 % fullfører og ein femtedel av ungane mellom 6 og 14 år går ikkje på skule. Ein positiv trend er at likestillinga i barneskulen aukar og at den skeive fordelinga mellom jenter og gutar er i ferd med å bli reversert dei første åra i barneskulen. Med fleire jenter i skulen dei neste åra, vil også det samla talet på kambodsjanske barn i skulen auke og landet kan nå tusenårsmålet om grunnskuleutdanning til alle innan 2015.

Manglar eige bibliotek

Toul Teat barneskule ligg i Svay Chron distrikt har 269 elevar. Dei er fordelt på 10 klasser. Ulikt andre skular vi har besøkt, har skulen fleire lærarar enn klassar. Det frigjer tida til rektoren slik at ho kan jobbe med administrasjon og ikkje treng å bruke all si tid på undervisning.

Ein anna lærar er utdanna bibliotekar, slik at han kan ta ansvaret for biblioteket skulen har. Problemet er at ungane ikkje bruker biblioteket, fordi bøkene og alt materialet ligg inne på lærarkontoret. Skulen har for få rom til at eit rom kan bli bibliotek, så ungane og lærarane må dele på det ekstra klasserommet.

Jentene inntar skulen!Glade: Meistring av vanskelig matematikk får fram smilet. I år har skulen søkt Misjonsalliansen sin lokale partnar om støtte til å bygge eit eige bibliotek. Vil du vere med og støtte arbeidet for bedre utdanning for jenter og gutar i Kambodsja, kan du lese meir her.

Arbeidsområde
Powered by Cornerstone