En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
God jul!Stemning: Ruth, Sochi og Mrs. Arun fra staben beundrer juletreet på kontoret til Misjonsalliansen og vår samarbeidspartner CRWRC i Phnom Penh.

God jul!

2010-12-24
Det er jul og Jesu fødsel feirast over heile kloden. Kambodsja er ikkje noko unntak. Berre at her er det fleire julenisser, neonlys og Buddha enn noko som minner om den opprinnelege julebodskapen.
 
 
Vi har hatt travle tider med språkkurs og jobbing før jul, og gleder oss over at den fredelege julehøgtida har komme. På kontoret hadde vi ei trivelig juleavslutning med alle ansatte. Det var veldig god stemning med både khmer og vestleg mat og ein svært så livlig pakkeleik. Jula skaper glede.
Vi ønsker alle ei god jul og eit godt nytt år! Sua s'dei bon noel og sua s'dei chanam tamei fra Kambodsja!
 
 
God jul!Heile staben i CRWRC er samla til julelunsj.
 
Powered by Cornerstone