En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Wedding crashers

Wedding crashers

På bryllup hos ukjent brudepar
2011-02-12
Det er høgtid for bryllup i Kambodsja på denne tida av året. Etter å ha budd i landet i tre månader har vi vorte invitert til tre bryllup. Det eine var til ei vi aldri hadde møtt før. Men det hindra oss ikkje i å dra, for vi liker bryllup.

Den ukjente brura eig leilighetskomplekset vi bur i, så vi vart både glade og overraska då resepsjonisten inviterte oss på to dagars bryllaupsfest. Teksten på invitasjonen var på khmer og enkeltord på engelsk, så vi klarte ikkje lese tidsskjemaet, då vi så langt berre beherskar konsonantane og nokre av vokalane i skriftsspråket. Vi blei forklart at festen starta med fest i huset på tirsdag, og vart avslutta med middag og  fest i ei anna bygning på onsdag.

Middag når bordet er fullt

Rutinerte som vi er etter å ha vore i eitt anna bryllup på same stad, veit vi at i Kambodsja kjem gjestane helst nokre timar etter tida som står på invitasjonen. Nærmaste familie og venner deltar på seremonien på morgonen, og kjem tilbake til middag på kvelden.Wedding crashers

Middagen vert servert når det runde bordet du sett deg ved har fylt opp alle ti stolane. Sidan vi kom så moteriktig seint, vart ikkje dette noko problem, og vi følgde eit hyggelig engelsktalande ektepar til eit bord som hadde fem allereie. Når ein drikkeklar og tagal kambodsjansk mann kom gåande med ein av dei mange sikkerhetsvakt-lignande dresskledde servitørane med handsfree  på øret, var måltidet i gang. Det er ikkje så lett og seie kva som var forrett og hovudrett, det glir liksom litt inn i kvarandre. Men vårrullane, dei innbakte fiskebollane og nudlane og salaten som kom på bordet var i alle fall veldig smakfulle. Etter kvart som bordplata i midten blir snurra rundt så alle får ein bit av kvart, blir det servert fiskesuppe.

Wedding crashersOm ikkje lenge kjem ein diger sprøsteikt gris på bordet etterfølgd av ein grilla fisk servert på ei eiga anretning for å varme han opp på gassvarme midt på bordet. Dei siste rettane er nudlar, ris og fiskerettar og nokre steikte fuglar eg ikkje kjenner igjen. Då desserten kom var eg så mett av alle smaksinntrykka og den konstante whiskyskålinga til naboen at eg ikkje klarte å smake på dei søte små sticky-rice kakene som var pakka inn i bananblad.

Gangen i ein tradisjonell seremoni:

Brura og brudgommen står grytidlig opp, sminkar seg og kler seg frå klokka fem om morgonen. Brudgommen går saman med gjestene i par med matchande frukt i hendene i ein lang marsj til huset til brura for å gi bort frukta til familien hennar. Frukta blir samla saman og servert til gjestene i lag med graut til frokost. Resten av frukta blir gitt til naboane, vaktene, kjøkkenpersonalet, politiet og dei som hjelper til.

Ei vaskeekte brud

Under seremonien har brudeparet på seg tradisjonelle, kambodsjanske drakter. Dei skiftar klede minst tre gonger om morgonen i forskjellige fargar. Munkane syng og messer og ber om velsigning under frokosten med familien og brudeparet inne i huset, og gjestane utanfor. Inne vekslar dei løfter og dei tar på seg ringane.Wedding crashers

I følgje buddhistisk tradisjon, skal brura vaske føtene til mannen. Brudgommen set føtene sine i eit vaskefat og brura legg eit tørkle på føtene hans. Dette er eit symbol på at ho kan "tene" mannen. I kristne bryllup i Kambodsja gjengjeld brudgommen den same handlinga til brura. Eg kan ikkje seie eg liker denne handlinga og synes ho er svært kvinneundertrykkande. Eg har delvis forståing for at det er ein gamal tradisjon, men det skurrar veldig og får meg til å tenke at eg skulle ønske at moderne kambodsjanske kvinner droppar denne symbolske handlinga. Etter vaskinga bytter mannen ut vaskefatet med steinar han må stå på ei viss tid. Dette skal symbolisere at han kan vise tolmod for kona si.

Neste del av seremonien er at familien klipper små deler av håret til brudeparet og sprayar hovuda deira med parfyme, en skikk som skal gi velsigning og ta bort dårlige ting i historia deira. Dei kan no starte eit nytt liv saman, med blanke ark. Same ettermiddag er gjerne 400 eller fleire gjestar bedt til del to av feiringa, og brudeparet skiftar klede igjen for å gjere seg klar til kvelden. Brudeparet ønskjer alle gjestene velkommen og gir dei ei velkomstgåve. Inne i lokalet er det middag. På scena står ei bryllupskake.

 

Silkeglatt

Sidan bryllup foregår utandørs og denne tida av året har minst sjanse for regn, gir det meining og plassere dei i januar, februar. Det går ikkje mange dagar utan at bryllupstelt vert montert opp på gata i Phnom Penh. Dei er svært lette å sjå i si fargeprakt av rosa, rødt, gult, kvitt og lyseblått. Bryllupstelta står omtrent midt i vegen, og er anten omgitt av høg musikk eller lyden av ein munk som velsigner brudeparet. Absolutt alt er dekka med silkestoff; stolar, bord, søyler, tak, veggar, instrument – alt utanom munkane som deltar på begynnelsen av seremonien i sin karakteristiske oransje kapper. Kvinnene er kledd sine flottaste, mest glitrande og fargerike kjolar, og overlet ikkje eitt einaste hårstrå eller augevipp til tilfeldigheitene.

Wedding crashers

Bryllupsindustrien i Kambodsja er utan tvil ein særs inntektsgivande geskjeft. Nokre landsbyar har eigne selskap som tilbyr stolar til bryllup. Andre står for silken, medan andre gjer at det ikkje manglar mat og drikke til gjestane.Wedding crashers

 

 

Powered by Cornerstone