En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Dødeleg grensekonflikt med Thailand

Dødeleg grensekonflikt med Thailand

2011-02-16
Titusenar av menneske har den siste veka måtte evakuere frå heimane sine på grunna av grensekonflikta mellom Thailand og Kambodsja. FN ber om umiddelbar våpenkvile og fredsløysing.

 

Fare for malariakrise

Helsepersonell fra WHO fryktar no at medisinresistent malaria vil spreie seg i det jungel- og fjellrike konfliktområdet. Ustabilitet og tryggingsproblem gjer områda vanskelige å overvåke og utilgjengelege for helsepersonell. Det betyr at det blir umulig å diagnostisere og bahandle malaria ved eit tidleg stadium. Det er også ein faren for at den medisinresistente malariaen kan utvikle seg på det asiatiske kontinentet og deretter nå Afrika.
 

Bakgrunn for konflikta

Konflikta grunnar i usemje om eit hindutempel på grenseområdet mellom Thailand og Kambodsja i provinsen Preah Vihear. Tempelet vart i 1962 erklært kambodsjansk, og kom i 2008 på UNESCO si verdsarvliste. Nasjonalistiske grupper i Thailand hevdar at det tilhører dei og det har vore gjentatte militære konfrontasjonar rundt det 900 år gamle hindutempelet. Kampane skal ha ødelagt ein heil tempelvegg. Dødeleg grensekonflikt med ThailandFN ønsker ei snarleg løysing mekla fram i organisasjonen for Sør-Austasiatiske land, ASEAN.

Fredsmekling til regionsnivå

Kambodsja tilkalla FN for ei multilateral megling mellom dei to stridande partane. Dei ønska at FN skulle sende fredsbevarande styrker og observatørar til Preah Vihear. Thailand ville løyse konflikta bilateralt utan å ta inn ein tredje part, men halde konflikta på regionalt nivå. Etter at utanriksministrane frå dei to stridande partane møtte FN sitt Tryggingsråd, vart det vedtatt at ASEAN skal ta seg av den vidare fredsmeklinga.

 
Det vart ønska velkommen av den kambodsjanske utanriksministeren Hor Namhong, enda det ikkje var det opprinnelege ønsket. Namhong spurte også Tryggingsrådet om International Court of Justice kunne tolke vedtaket fra 1962 om at tempelet tilhørte Kambodsja.  Dei to landa er ikkje samde om den avgjerda tyder at grensene rundt tempelet er bestemt. Det er no semje om våpenkvile, men situasjonen er framleis usikker.
Powered by Cornerstone