En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Menneska bak Røde Khmer

Menneska bak Røde Khmer

2011-03-14
Forrige veke møtte vi ein tidlegare Røde Khmer soldat saman med studentar frå Universitetet i Agder. Det var utrulig lærerikt og sette i gang tankane om korleis Kambodsja har takla folkemordet – om offer som har akseptert, tilgjeve, om offer som fortsatt er bitre og om forbrytarar som også er offer, om forsoning og om buddhismen si rolle i det heile.

Transporterte til døden

Kim Hoy var fangevaktar ved S-21, Røde Khmer sitt torturfengsel Toul Sleng. Han ser ut som ein heilt ordinær kambodsjanar: kledd i blå, nystrøken skjorte, passe tynn, med vennlege trekk i ansiktet og eit snilt smil. Han var ansvarleg for sikkerheiten og for å transportere fangar frå fengselet til Choeng Ek, betre kjent som “Killing Fields”.

Kaing Guek Eav, alias Duch, var sjefen hans. Duch er den første Røde Khmer leiaren som er dømt. Mannen er dømt for brotsverk mot menneskeheiten. Det inneber mord, slaveri, tortur, valdtekt, fengsling og politisk forfølging, og grove brot på Genevekonvensjonen for inhuman og illegal behandling av sivile ved å torturere og påføre store skader og ta frå arresterte retten til ei rettsak.

Menneska bak Røde KhmerRøde Khmer soldaten hadde ei sterk historie å fortelle studentane fra Universitetet i Agder.

Fangevaktar Kim Hov vart henta frå landsbyen sin som 18-19 åring for å jobbe på fengselet. Han hadde ikkje noko anna valg enn å bli med. Arbeidsoppgåva hans var å transportere fangar og sjekke at alle var der. Ein dag vart han spurt om han kunne drepe ein fange som hadde rømt. Han visste at han kom til å bli drept om han ikkje gjorde som han vart befalt. Namnet hans var allereie på lista over mistenkte. Han visste også at nokre andre kom til å drepe han om han ikkje gjorde det. Så han drepte, på ordre frå fengselssjef Duch. Han hadde ikkje noko anna val.

Berre eit menneske

Tidlegare Røde Khmer soldat Kim Hov sa vi måtte huske at: “Fangane var menneske. Og eg er berre eit menneske også.” Kva val har menneske i slike situasjonar? Kan familien til dei drepte tilgi mordarar som drep under ordre? Kven er den som er mest ansvarleg for brotsverka Røde Khmer gjorde? Kan politiske ideologar bli dømte for brot mot menneskeheiten?

Menneska bak Røde KhmerDuch i rettsalen i sentrum med dei andre Røde Khmer leiarane som snart skal i retten på sidene. Under er overlevande frå Toul Sleng fornøgde med dommen.

Slike og liknande spørsmål er det dommarane i den FN-støtta folkemordsdomstolen i Kambodsja, ECCC, skal finne svar på i det dei fører dei neste 5 øverste leiarane i Røde Khmer for retten; Statsoverhovud i Demokratiske Kampuchea, Khieu Samphan, utanriksminister Ieng Sary, sosialminister Ieng Thirith og nestleiar i kommunistpartiet og sjefsideolog Nuon Chea. Alle anklaga for brotsverk mot menneskeheiten, grove brot på Genevekonvensjonen og folkemord, massemord, tortur og religiøs forfølging. No sitt 80-åringane i varetekt på ECCC sitt område og ventar på at rettsaka skal starte.

Ankar dom for folkemord

I mellomtida har Duch anka dommen på 19-års fengsel. Han klagar på at han ikkje kan stillast like ansvarleg som dei andre øverste leiarane, og må få mildare straff. Hans brotsverk er ikkje så alvorleg som det dei andre har gjort. Om to veker kjem saka hans opp for folkemorddomstolen igjen. KambodsjaLive vil vere til stades under høringa.

Powered by Cornerstone