En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Duch hevdar uskyld

Duch hevdar uskyld

2011-03-30
I dag var eg til stades på den siste dagen av ankesaken til Kaing Guek Eav, alias Duch, leiaren for Røde Khmer sitt torturfengsel S-21. Under hans styring vart tusenvis av menneske torturert og sendt til døden. Likevel hevdar han at han ikkje var den som stod ansvarleg.

Duch vart i juli 2010 dømt til 30-års fengsel for forbrytelsar for menneskeheita og for grove brot på Genevekonvensjonen. Han hevdar at han ikkje kan bli dømt med grunngjevinga at han berre følgde ordre ovanfrå. Det var andre som avgjorde og gav ordrar og berre dei er under Røde Khmer-tribunalet sin jurisdiksjon, hevda Duch til sitt forsvar i dag. Dessutan var det andre såkalla sikkerheitssenter under Pol Pot-regimet som ikkje er prøvd for retten. Duch ba om tilgjeving til alle familiane til dei 12 733 personane som mista livet, men innrømmer ikkje at han personleg var ansvarleg.

Duch hevdar uskyldKollegaen min Savy var med på Rød Khmer tribunalet. Folk frå heile landet kom med bussar inn for å følgje rettsaka.

Vil ha livstid

Advokatane som representerer dei sivile ofra og protektoratet meiner på si side at berre ein livstidsdom kan reflektere dei alvorlige forbrytelsane Duch har gjort mot det kambodsjanske folket. Dei har over 100 borgarar bak seg, som alle er godkjente av tribunalet som vitne fordi deira familie er direkte offer for Duch i torturfengselet S-21. Borgarane er representantar for dei 12 733 menneska som vart sendt til døden frå torturfengselet til Dødsmarkene på Choung Ek.

Ny strategi – nektar skuld

Advokatane var også bekymra for forandringa i åtferda til Duch. I høringa i april 2009 samarbeidde han med tribunalet og uttrykte med skuld og sa han ikkje skulle krangle på tribunalet sin rett til å dømme han. I dag hevdar han det motsatte og namngir dei øvste leiarane av Røde Khmer sitt Demokratiske Kampuchea fra 1975 til 1979 som han meiner er dei einaste ansvarlege for folkemordet.

Duch hevdar uskyldExtraordinary Chambers in the Courts of Cambodia er ein hybriddomstol støtta av FN med kambodsjanske og internasjonale dommarar. Domstolen skal forfølgje forbrytelsane som vart gjort under Røde Khmer og kallast i Kambodsja for Rød Khmer-tribunalet.

Dei er: bror nummer 2 og visesekretær i kommunistpartiet, Nuon Chea, Statsleiar i Røde Khmers Kambodsja Khieu Samphan, utanriksminister Ieng Sary og kona hans Ieng Thirith, med tittelen sosialminister i eit regime som drepte 1,7 millionar menneske.

Neste rettsak står dei for tur, under anklagar om forbrytelsar mot menneskeheita, grove brot på Genevekonvensjonen og folkemord på Cham-folket og vietnamesarar. Men først skal Duch få svar på si anke og det vil utvilsomt sette standard for rettsaka til dei øvrige Røde Khmer leiarane.

For at det kambodsjanske folk skal oppnå nasjonal forsoning er ei rettferdig rettsak og ein rettferdig dom ovanfor dei ansvarlege leiarane av folkemordet nødvendig.

Powered by Cornerstone