En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Vi er ikkje aleine – Asiakonferanse i Vietnam

Vi er ikkje aleine – Asiakonferanse i Vietnam

2011-04-13
Det kan av og til virke som vi er aleine her i Kambodsja, men vi har mange kollegaer frå Misjonsalliansen rundt om i Asia. I mars hadde vi Asiakonferanse med dei andre utsendingane i Fillippinene, Kina og Vietnam. Vi hadde ei flott veke i Ho Chi Min byen og ved kystbyen Mui Ne i Vietnam.

Som dei einaste utsendingane for Misjonsalliansen i Kambodsja jobber vi på eit representasjonskontor saman med kanadiskamerikanske Christian Reformed World Relief Committe (CRWRC). Riktignok har vi besøk av venner og andre nordmenn som er interesserte støttespelarar til Misjonsalliansen innimellom. Og så har vi kollegaer i nabolandet Vietnam og i land som ligg litt lengre unna som Fillippinene, Kina, Japan og Taiwan. Så det er godt å vite at vi ikkje er heilt aleine på desse breiddegradene.

Vi var spente på å møte dei andre kollegaene våre i Asia, sidan vi sannsynlegvis var dei yngste og ferskaste på laget. Men vi oppdaga snart at det var ein veldig trivelig gjeng, og det var utrulig lærerikt å dele felles erfaringar med utviklingsarbeidet.

Vi er ikkje aleine – Asiakonferanse i VietnamPå eitt tidspunkt putra alle Asiautsendingane rundt på motorsyklar for å besøke rekebønder på ei øy i Mekongfloden.

Medan ungane leika seg, var i dyreparken og øvde inn sketsjar hadde vi litt eldre undervisning, landpresentasjonar og samtaler. Vi var også på prosjektbesøk og lærte om arbeidet Misjonsalliansen i Vietnam driv i landsbyar i Mekongdeltaet. Spesielt interessant var det å sjå arbeidet med inkluderande utdanning og korleis ein integrerer ungar med utviklingshemming i den offentlege skulen i Vietnam.

Vi er ikkje aleine – Asiakonferanse i VietnamLars og Ida går tur på sanddynene i Mui Ne

 

Vi er ikkje aleine – Asiakonferanse i VietnamStolleiken går aldri av moten som innslag på underhaldningskveld. Her er dei ivrigaste igjen til slutt.

 

 

Kjellaug og Jann Even Andresen frå Salem menighet i Trondheim hadde undervisning og forkynning. Hanne Holmberg Chávez er ansvarleg for Asiaarbeidet og var tilstades frå hovudkontoret til Misjonsalliansen.

Neste år skal konferansen vere i Kambodsja, og vi gleder oss til å vise fram det flotte landet vi bur i!

 

Powered by Cornerstone