En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Kim dyrkar for brura

Kim dyrkar for brura

2011-04-30
Kim Seng er 9 barnsfar og bonde. Før hausta han ris ein gong i året og hadde usikker inntekt. Så lærte han nye jordbruksteknikkar på kurs hos Misjonsalliansen. - No har eg nok mat til familien i tillegg til at eg tener fleire dollar om dagen på å selje grønsaker, seier Kim.

 

Familien Seng med kona Hon og Kim i spissen bur i ein landsby i provinsen Kampong Speu. På jordbrukskurs hos Misjonsalliansen sin lokalpartnar lærte Kim ein ny risdyrkingsmetode. Han lærte også å avle fisk. Han bygde like så greitt ei demning rundt rismarka si og starta med den nye risdyrkingsmetoden nederst, avla fisk i vatnet og oppå demninga dyrkar han grønsaker og frukt av alle slag: Bønner, aubergine, spinat, melon, banan, agurk, peanøtter, gresskar og meir til. Kim dyrkar for bruraKim utvidar stadig garden.

Ris heile året

-Før hadde eg ikkje noko mat om risavlinga feila. No har eg avling heile året, seier bonden som vert brukt som rollemodell for dei andre bøndene i landsbyen. Det er ikkje alle som tør å prøve nye metodar og slutte heilt med den tradisjonelle måten å dyrke ris på.  Kim tok ein sjanse  og lukkast, og har mange planer for utviklinga av garden sin. - No vil eg begynne å avle kyllingar også, seier han og viser oss buret han allereie har bygd. Noko tekniske hjelpemiddel har han ikkje, så forandringa av garden har han gjort med eigne hender.

6 av ungane til Hon og Kim er gift. Dei andre bur heime til dei giftar seg, slik skikken er i Kambodsja.  -Neste år skal dottera mi gifte seg, og då skal eg servere mat frå garden min til gjestane, fortel Kim.

Powered by Cornerstone