En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Å leve med traumeSao Thuen lærte å jobbe med traume på seminar med Misjonsalliansen

Å leve med traume

2011-10-17
Sao Thuen (54 år) mista foreldra sine under Pol Pot regimet. Under krigen såg ho mange sulte, bli arrestert og dø. Dette har gitt henne sterke traume. - Før trudde eg at slike traume var ein naturlig del av livet, men på seminaret med Misjonsalliansen lærte eg for første gang korleis eg kan jobbe med traume, fortel Sao Thuen.

Bun Thuon er Misjonsalliansen sin fredsspesialist, og underviser partnarane om fredsbyggjande praksis i lokalsamfunna sine. Kurset om traume handlar om korleis vi reagerer på traumatiske opplevingar, og korleis vi kan bearbeide det og bli friske. - Seminaret gjekk veldig bra, for mange delte personlege traume for første gang. Dei fleste delte om erfaringane under Raude Khmer då dei mista familie, heimen sin og eigendommane sine, seier Thuon.

Å leve med traumeRestaurerer "samfunnshagen" etter ein katastrofe: Blomane representerer ting som er viktige for deltakarane. Etter krisa er alt på plass, men er annleis.

Mange i Kambodsja ber på sterke traumer etter fleire tiåar med borgarkrig, blodig revolusjon og okkupasjon. Under Pol Pot-regimet frå 1975 til 1979 mista om lag 1,7 millionar menneske livet. Når Misjonsalliansen arrangerte kurs om traumer var opplevingane under krigen eit naturleg samtaleemne.

Tilgjeving og rettferd

Sao Thuen er ei av dei eldste deltakarane og ho huskar krigen godt. -Familien min vart splitta under Raude Khmer og vi levde på lite mat, berre rissuppe, enda vi jobba hardt kvar dag. Når foreldra mine døde, måtte eg ta med av dei 6 yngre søskena mine, fortel ho. Sjølv gifta ho seg under krigen, men fekk ikkje gå på skule. I dag er ho regnskapsførar for Misjonsalliansens lokalpartnar. Etter kurset skal ho og kollegaene arrangere liknande kurs i landsbyane dei arbeider med.

-Det er er veldig viktig å undervise om korleis ein kan bli frisk frå traumer, for det er så mange i landsbyane som fortsatt lever med det. Mange vil fortsatt ha hevn for det som har skjedd med dei og klarer ikkje tilgje. Då tar valden aldri slutt, meiner Sao Thuen.

Å leve med traumeTrass alvorleg tema, er stemninga god blant deltakarane etter kurset.

I dag foregår ei rettsak mot dei øvste ansvarlege leiarane i Pol Pot-regimet i ein FN-støtta folkemordstol i Kambodsja. Leiarane er fengsla og ventar ein dom, men arbeidet går sakte og mange krefter arbeider mot domstolen.

Når eg spør Sao Thuen om ho klarer å tilgi det som skjedde under krigen, svarer ho: Ja, eg klarer å tilgi, men eg vil ha rettferdigheit for offera for Raude Khmer. Det vil sette eit godt eksempel for den neste generasjonen leiarar i Kambodsja.

Vil du støtte det vidare fredsarbeidet til Misjonsalliansens samarbeidspartnarar i Kambodsja, klikk her!

Powered by Cornerstone