En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Bekjemper korrupsjonAntikorrupsjonsseminar med kyrkjepartnarane våre

Bekjemper korrupsjon

Misjonsalliansen driv viktig antikorrupsjonsarbeid i Kambodsja
Bente Iversen Foseide
2015-02-20
Kambodsja er verdas 20. mest korrupte land, i følge Transparency International. Småskala korrupsjon er så vanleg at folk ikkje stusser på spøsmål om å betale små bestikkelsar eller "service" avgifter lengre. Organisasjonar har ein stor jobb å gjere for å sikre at ingen pengar forsvinn i korrupsjon. Misjonsalliansens antikorrupsjonskurs er eit viktig ledd i det arbeidet.

Nyleg var eg på eit møte med utanlandske leiarar av kristne organisasjonar i Phnom Penh. Ei undersøking angåande korrupsjon i kristne organisasjonar vart representert, og resultatet viser at så mange som 40%  av dei har opplevd svindel eller tjuveri berre det siste året.  Sjølv om over halvparten av staben var kristne, rapporterte organisasjonen at dei hadde problem med korrupsjon.

Korrupsjon er eit internasjonalt problem og vi kan ikkje seie at det berre er noko som foregår i sør. Norge er heller ikkje fritt for korrupsjon. I følge Transparency International sin årlege korrupsjonsindeks er Norge skandinavias mest korrupte land og har ikkje klart å komme høgare enn femteplassen frå i fjor. Kambodsja er på den andre enden av skalaen på 156.plass av 175 land, men likevel er det ei viss forbedring frå i fjor.

Dei fattige taper mest

Bekjemper korrupsjonVår buddhistiske partnar Light New Unity ønsker tydelege retningslinjer mot korrupsjon. Argumentet mot at ein ikkje skal gi utviklingshjelp fordi alle pengane forsvinn i korrupsjon, held ikkje. Det er i dei fleste tilfelle dei fattige som taper på korrupsjon. Når korrupte statsleiarar ikkje fordeler landet sine goder og ressursar til sivilbefolkninga, og bistandspengar forsvinn i lommene til eliten, blir dei marginaliserte fråtatt enda fleire rettigheiter og muligheiter. Då er det ekstra viktig for diakonale misjonsorganisasjonar å arbeide med menneskerettigheiter og styrking av sivilsamfunnet. Slik kan lokalsamfunn mobilisere krefter og kreve openheit om alt frå kommunebudsjettet til prosessen for utnemning av guvernørar i provinsen. 

Nulltoleranse

Bekjemper korrupsjonDiakonane innrømmer det er vanskelig å ikkje bruke stillinga si til å hjelpe dei som står dei nærast. Misjonsalliansen, Digni og Norad har nulltoleranse for korrupsjon. Det er ein streng, men nødvendig regel. Dei siste tre åra har Misjonsalliansen hatt anti-korrupsjonskurs med alle NGO-og kirkepartnarar. Det har resultert i gode refleksjonar over kva korrupsjon er og kor skadeleg det er, samt at partnarane våre har laga eigne retningslinjer for korleis dei skal handtere korrupsjon. Eit ledd i kampen mot korrupsjon er at alle medarbeidarar i organisasjonen vert einige om å lage felles retningslinjer for antikorrupsjon. Det å varsle om korrupsjon krever mykje mot hos medarbeidarar, og eit godt varslingssystem må vere på plass for å gjere dette mulig.

Antikorrupsjonsarbeid

No har alle NGO-partnarane til Misjonsalliansen i Kambodsja slike retningslinjer for antikorrupsjon, og kyrkjepartnarane er i ferd med å utvikle sine. Det har vore utfordrande å arbeide med antikorrupsjon, for mange kambodsjanarar er ikkje einige i definisjonen vår av korrupsjon. Korrupsjon handlar ikkje berre om svindel av pengar, men også misbruk av makt og posisjonar til eiga forteneste.

Det siste året har vi avslutta eitt partnarskap på grunn av at vi var ueinige om ansettelsar av familiemedlemmar og openheit om budsjettstøtte frå fleire donorar. Gjennom registreringa av nytt landkontor fekk Misjonsalliansen også "tilbod" om om at prosessen gjekk fortare om vi gav ei nyttårsgåve til byråkraten i utviklingsdepartementet. Med hjelp frå erfarne medarbeidarar fekk vi heldigvis støttedokumentet gjennom og Misjonsalliansen er eitt steg nærmare registrering av landkontor i Kambodsja. Kampen mot korrupsjon held fram.

Powered by Cornerstone