En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Biltrøbbel på landsbygda

Biltrøbbel på landsbygda

Bente Iversen Foseide
2012-08-21
Nokre gonger går det berre ikkje heilt som planlagt. Ein heilt vanleg prosjekttur med familiebesøk endte med motortrøbbel, pøsregn og gjørmebad.

Det begynte så bra..

Dagen begynte som planlagt: Vi hadde besøk av veslebror Vegard og Sigrid, og skulle på prosjektbesøk. Vi starta tidlig frå Phnom Penh og kjørte utover mot grensa til Vietnam og provinsen Svay Rieng, der Misjonsalliansens samarbeidspartnar KADRA (Khmer Association for Rural Development Angkar) arbeider. Målet var å rekke foreldremøte på skulen og barnehagen Kantourt Prong. Og det gjorde vi. Biltrøbbel på landsbygda

I barnehagen var dei allereie godt i gang då vi kom, og alle ungane stilte seg opp på rekke med kokosnøtter og song og dansa for oss. Vi sette oss ned og ba dei fortsette som vanleg. Om litt spurte læraren ungane om dei ikkje var svoltne. "Jaaa, vi er kjempesvoltne! " ropte dei i kor. I dag skulle dei nemlig få mat i barnehagen som foreldra hadde laga til. Før måltidet var det tid for handvask og så fekk alle utdelt kvar sin tallerken med grønsakssuppe og ris i. Pluss eit vitamintilskot barnehagekomiteen hadde fått frå den lokale helseklinikken.

Vegard, Sigrid og eg fekk òg smake på maten. Som ernæringsfysiolog kunne Sigrid godkjenne innhaldet. Etter maten skulle ungane heim, og vi tok ein prat med førskulelæraren. Ho kunne fortelje at fleire organisasjonar var interesserte i barnehagen hennar og at Unicef hadde vore på besøk for å sjå korleis dei gjorde det. Med den informasjonen var vi fornøgd med dagens besøk og starta ferda mot staden der vi skulle ete lunsj.  Biltrøbbel på landsbygda

Rødt lys

Etter å ha lirka bilen ut av den vesle vegen mellom rismarkene, oppdaga vi at det lyste rødt i bilen. Vi hadde gått tom for bensin. Det var nokre kilometer til hovudvegen og bensinstasjonen, så vi bestemte oss for å fylle bensin før for enda lengre innover på landsbygda for å ete lunsj. Vi kom oss utan problem fram til bensinstasjonen. Sidan det var nesten tomt, ba vi dei gje oss full tank. Med nytt drivstoff på plass, kjørte vi innover til landsbyen att. Plutseleg begynte motoren å kvele seg. Det var akkurat som om den vart starta i feil gir og humpa bortover. Vi skjønte ingenting og fortsette å prøve starte bilen og kjøre. Vi kom oss nokre meter vidare ut i frå den smale vegen mellom rismarkene før vi stoppa. Det var ikkje lengre mulig å få start på bilen. Kva var galt? Vi hadde jo akkurat fylt bensin og alt skulle vere fint. 

Vi ringte Misjonsalliansens sjåfør, Sochi. Han burde vite. Det var ikkje lett å finne ut kvifor bilen plutselig oppførte seg slik. Sochi visste råd, og fekk nokre venner som var mekanikarar frå området til å komme og sjå på bilen. Når mekanikarane kom, fekk vi svaret: Vi hadde fylt feil drivstoff! Vi hadde fylt bensin på ein dieselbil! Og så til de grader som vi fylte...megetabbe!

Det er ikkje greitt å ikkje ha peiling på bilar. Spesielt ikkje når ein er ein stad der ein er så avhengig av dei. Heldigvis trudde mekanikarane at dei kunne fikse bilen ved å tømme ut all bensinen frå motoren og så reinse den. Men det ville ta fleire timar. Og så fekk vi sjå om motoren var fullstendig øydelagt eller om vi fekk start på den og kunne kjøre tilbake til Phnom Penh før kvelden. Medan mekanikarane gjorde jobben sin, vart vi andre skyssa til lunsjplassen på motorsyklar. Biltrøbbel på landsbygda

Det var fint å komme seg i skyggen og få litt påfyll når sola varma som verst og det var 35 grader varmt. Lunsjen smakte godt og vi tok ein blund i hengekøya mens vi venta på svar frå mekanikarane. Korleis går det med motoren? Har vi øydelagt den for godt? Kjem vi oss heim til kvelden?

Regn og gjørmebad

Knut tok seg ein ekstra tur bort til bilen og på vegen tilbake opna himmelens slusar seg. Pøsregn! Det er regntid og vi kunne forvente at den grå himmelen over oss var noko ustabil. Æsj, kva skulle vi no gjere? Så ringte mekanikarane og fortalte at dei trengte berre fylle diesel på motoren igjen, og så kunne vi teste om vi fekk start.

Det leid mot ettermiddag og vi hadde begynt å bli utolmodige. Vi bestemte oss for å stikke bort alle mann. Regnet stoppa og vi fór på motorsyklar. Her i Kambodsja er det få restriksjonar på kor mange som kan kjøre på ein motorsykkel. Sidan vi utlendingar er noko større enn ein gjennomsnittleg kambodsjanar, avgrensar antalet seg naturleg. Likevel vart det bestemt at Sigrid og Vegard skulle kjøre tre stykk på ein motorsykkel. Vegen var blitt ein god del meir gjørmete etter regnskura. Det visste derfor å bli noko vanskeleg føre å frakte to utlendingar for den spede kambodsjanske motorsykkelsjåføren. I første sving sette hjula seg fast og sykkelen kvelva så Sigrid og Vegard hamna i gjørma. Kjipt. Enda litt meir krydder i ein ellers opplevelsesrik kvardag.

Hjelp!

Tilbake ved bilen var mekanikarane i gong med å fylle bilen med diesel. Vi kryssa fingrane for at det skulle gå bra. Det tok si tid. Ved sida av bilen stod all den ubrukte bensinen fylt opp i koppar og kar lånt av naboen.  Når tanken var fylt opp med diesel, kunne vi sjekke om motoren starta. Viss han ikkje gjorde det, var den truleg øydelagt av all bensinen.

Det nærma seg kveld, sola var i ferd med å gå ned. Vi ønska ikkje å kjøre i mørket, for det er ikkje trygt. Mekanikaren klatra opp i motoren og starta motoren manuelt. Det kom lyd! Det var lovande. Etter eit par forsøk til, sette Knut seg inn i bilen og vridde om nøkkelen. Hurra! Motoren starta. Ah, den var ikkje øydelagt likevel. Sidan bilen stoppa av seg sjølv, hadde den nok berre kjørt opp ekstralageret av bensin, og avvist dieselen. Det var ikkje noko pang eller eksplosjon. Ein lang dag var over og vi kunne sette nasen heimover mot Phnom Penh. Biltrøbbel på landsbygda

 

 

 

 

 
Powered by Cornerstone