En støttegruppe for Misjonsalliansens arbeid i Kambodsja
Vil hjelpe menneske med traumeJoh Lily (32) vil hjelpe dei som slit med psykiske problem i landsbyen sin.

Vil hjelpe menneske med traume

Krigstraume blir til kvardagstraume
2014-08-01
Mange i Kambodsja er fortsatt traumatisert på grunn av folkemordet under Pol Pot-regimet. Misjonsalliansens fredsbyggjande kurs hjelper menneske å handtere traume - både sine eigne og andres.

Krigstraume kan bli overført frå ein generasjon til ein anna. Fleire vaksne i Kambodsja fortel at dei hadde mareritt som barn etter at foreldra fortalte om overgrep og grusamheiter under Raude Khmer.  I dag antar psykologar at fleirtalet av vaksne kambodsjanarar lid av Post Traumatisk Stress syndrom (PTSD). Helsedepartementet meiner at heile 60% av dei som overlevde Pol Pot-regimet har psykiske problem. Det er ei stor utfordring i eit land som har mangel på psykologar og rom for å bearbeide traume.

Lærer om traume og mental helse

I år har vi starta samarbeid med ein psykologorganisasjon som heiter Transcultural Psychosocial Organization (TPO). Dei er mellom anna involvert i terapi for vitne i rettsaka mot Raude Khmer leiarane og har ulike kurs om mental helse i landsbyar. Denne veka er Misjonsalliansens partnar i lag med 25 deltakarar frå landsbygda på kurs med TPO. Det er eit førstehjelpskurs i mental helse der deltakarane lærer korleis dei kan nå ut til menneske som lever med angst, er deprimert, psykotisk eller rusavhengig. Vil hjelpe menneske med traumeMange i landsbyen til Sao Soth (61) har psykiske problem og lever med traume.

Nøkkelpersonar kan hjelpe

- I landsbyen min er det fleire som har psykiske problem og lever med traume. Nokre familiar har problem med vold i heimen og alkoholmisbruk, fortel Mr. Sao Soth (61). Sao er leiar i utviklingskomiteen i landsbyen Kantout Prong i provinsen Svay Rieng . -Mange av dei som har psykiske problem i landsbyen min snakkar aldri høgt om det. Dei isolerer seg og held seg for seg sjølv, fortel kursdeltakar Mrs Joh Lily (32), leiar i utviklingskomiteen i Bassac landsby i samme provins.

Kursdeltakarane har alle nøkkelroller i landsbyane sine. Dei er enten landsbyleiar, leiar i utviklingskomité eller for ei sparegruppe. Med den nye kunnskapen vil dei vere betre rusta til å hjelpe dei som slit med den mentale helsa der dei bur.

- Det er eit veldig lærerikt kurs. Eg visste ikkje at så mange i Kambodsja lever med traume. Eg synest det er veldig bra at vi kan hjelpe folk med psykiske problem, seier Lily.  Ho er forberedt på å dele det ho har lært med sparegruppa si og familiar som er utsatt for vald i heimen.

Vil hjelpe menneske med traume

Sjå tidlegare artiklar om temaet her: 

Å leve med traume 

Fredsarbeid gir resultat

 

 

 

Powered by Cornerstone